HMS-forum hos Luftfartstilsynet
I 2014 blei det oppretta eit forum for arbeidsmiljø innanfor luftfartsbransjen. Det er her snakk om eit samarbeidsforum mellom Luftfartstilsynet og hovudorganisasjonane til den sivile luftfarten.
Forumet arbeider systematisk med helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (HMS) og skal vere eit sentrum for beskriving og diskusjon av impulsar og trendar i norsk sivil luftfart. Forumet er i tillegg eit organ for informasjonsdeling og kunnskapsutvikling innanfor HMS.
HMS forumet samarbeider på følgjande område:
- Utvikling av bransjen
- Arbeidsmiljø
- Arbeidsmiljøstatistikk
- Utvikling av regelverk
- Internasjonalt arbeid
- Informasjonsverksemd
Innsikta som partane har i gjeldande forhold og utviklinga i verksemdene, vil gjennom diskusjonar i forumet kunne danne grunnlag for å identifisere moglege satsingsområde.
Dei som deltek i HMS-forumet, er – forutan Luftfartstilsynet – representantar for NHO, Parat, Norsk Flygarforbund, Kabinansattes Forbund og LO/HK. I tillegg har Arbeidstilsynet ei observatørrolle.
Kontakt Luftfartstilsynet
- E-post: postmottak@caa.no
- Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
- Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø
-
Sentralbord:
09:00–11:00 og 12:00–15:00 alle hverdager
- Beredskapstelefon (ved ekstraordinære ulykker og hendelser):